Ostehøvel med riller
Ostehøvel snl
Fakta ostehøvel pada.
Ostehøvel er ein reiskap til å skjere osteskiver med. Ostehøvelen vart oppfunnen av Thor Bjørklund, som tok ut patent på oppfinninga i og starta firmaet Thor Bjørklund & Sønner A/S i Sidan har Gudbrandsdal Industrier produsert ostehøvelen.
Den opphavlege ostehøvelen
Ostehøvelen var opphavleg laga av fire delar; blad med egg, mellomstykke, stift og skaft.
Dei første åra brukte ein vel 60 arbeidsoperasjonar og éin time på kvar høvel. Den første ostehøvelen var med eit bua, tungeforma blad.
Ostehøvel bjørklund
Skaftet var i metall og med det bua formspråket til rokokkoen som førebilete. På enden av skaftet var eit prega muslingskjel.
Ostehøvelen var meint for å skjere tynne skiver av osten, noko som vart godt motteke i dei økonomisk vanskelege mellomkrigsåra.
Derimot frykta Meierienes Salgssentral at bruken av Bjørklunds ostehøvel skulle føre til at folk kom til å ete mindre ost. Dei sette derfor i verk annonsekampanjar der dei oppmoda til å kaste ostehøvelen.